Om oss

Me har lang fartstid innan vår bransje. Finnøy Økonomi as blei stifta 18. 11. 1996. Me er i dag 19 tilsette, 7 av oss er autoriserte rekneskapsførarar. Me held til i Næringshagen på Judaberg, med avdelingskontor i Helgøysund.
Me fører rekneskap innanfor dei fleste bransjar. Me legg stor vekt på fagleg kvalitet og gode rutinar slik at me kan kommunisera saman på ein god måte, og med dette få ført rekneskapet ditt på ein effektiv måte. Du kan og få din eigen saksbehandler hjå oss som du kan forhalde deg til.  Dei ansatte hos oss bidreg i næringsutvikling og som støttespelerar på mange områder

Våre medarbeidarar har god kompetanse innan fleire fagfelt. Me er sjølvsagt gode på alt som er nødvendig for å produsera rekneskap til både skatteetat og andre myndigheter. Hjå oss kan du få rapportar som er tenelege for di verksemd. Me legg vekt på gode og effektive elektroniske løysingar. Du kan sjølv velja kva du vil gjera og kva me skal hjelpa deg med.  

Ta kontakt med oss og få hjelp til lønn, fakturering, rekneskap, budsjett og årsoppgjer. Kanskje kunne du tenka deg å etablera gardsråd eller du treng kompetanse til styret. Me har erfaringar og kan bidra. Nærmar det seg tida for eigarskifte så kan vi vera med deg i prosessen. Kanskje har du andre oppgåver du treng hjelp til?  Gi oss utfordringa og vi gjer det vi kan for å finna løysingar.

Me tilbyr løysingar med elektronisk kommunikasjon mellom kunde og oss. Billag blir scanna og sendt via Eye-Share eller vedlagt e-post / messenger til oss. Du får tilgang til vår programvare med pålogging på MIN SIDE. Du sender elektroniske fakturaer til dine kunder og mottek bokførte innbetalinger. Du har full kontroll på ditt rekneskap. 

Me tilbyr og kundane våre å kople seg til vårt økonomisystem via internett - noko som kan vere svert effektivt for å fjerna dobbelt arbeid.

Ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale.

Tilsette på tur rundt Trodle-Tysdal hausen 2018

 Tilsette i 2016.     Ruth Berge, er ikkje med på bilete.

Tilsette i 2016. Ruth Berge, er ikkje med på bilete.

Steingard Samdrift valgte Finnøy Økonomi for de kan Landbruk og er oppdatert. De som jobber der er alltid blid og hyggelige og du får alltid den hjelp du trenger.
— Ronny Kavli, Steingard Samdrift.
Finnøy Økonomi er en dyktig samarbeidspartner når det gjelder regnskap og rådgiving. Har svar på det meste når vi trenger rådgiving, og holder orden i regnskapet i en travel hverdag.
— Folke Helle, Sølvsmeden på Finnøy.
Me er hjå Finnøy Økonomi fordi me vil bruke eit selskap som kjenner oss, og som kjenner kundene våre.
— Oddvar Vignes, dagleg leiar i Øyposten.
 
 Tilsette på fjelltur hausten 2018.

Tilsette på fjelltur hausten 2018.

  Tilsette på veg til Trodla-Tysdal, Hjelmeland,  hausten 2018

Tilsette på veg til Trodla-Tysdal, Hjelmeland, hausten 2018